Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Kontur Forlag

Side Brok - Høge Brelle

Side Brok - Høge Brelle

Vanlig pris 249,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 249,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter. Frakt beregnes ved kassen.

Norske Albumklassikere: Side Brok - Høge Brelle

Fra forlaget:

Noreg var på ingen måte førebudd då Side Brok først rollja ned glaset og drive-by-spytta sjelegranskande naturskildringar, syretrippar sett frå sykkelsetet, treffande personkarakteristikkar av fiktive figurar, og sosialantropologiske skildringar/hyllestar av den sunnmørske rånaren. Høge Brelle var eit lokalt situert musikkverk med eit globalt musikkuttrykk som fekk nasjonalt nedslag, og står igjen no, nesten tjue år seinare, som eit heilt sentralt verk i den norske hiphop-kanonen. Denne boka tek for seg Høge Brelle som kunstverk – bade musikalsk og tekstleg – fortalt frå ståstaden (eller vel så ofte sitte- eller liggestaden) til ein som var der (og med der så meinar vi slutten av tenåra/byrjinga av tjueåra på Søre sunnmøre – gjerne på Side Brok-konsert på Rust i Ørsta). Kjell Andreas Oddekalv (f. 1985) er musikkvitar, musikkforskar, musikar og musikkentusiast. Han har ein PhD om rap-flows, og er utøvande hiphoppar i Oslo-kollektivet Sinsenfist.

 

Softcover
133 sider
Format 119 x 179 mm
ISBN 9788293976172

Vis alle detaljer